Husvære/ accomodation



Patina har to flotte og inspirerande leiligheter til utleige.
Leiligheten i 1.etg vert for tida leigd ut på fastleige, men i 2.etg leiger me ut til turistar og andre som skulle trenge overnatting på Evanger.
Husværa stod ferdig i 2011 og stilen er enkel, men samstundes innbydande og inspirerande. Må opplevast !!

Husvære 2.etg : Stor leilighet ( 2 soverom m/ hems, stove/kjøkken m/ hems, bad m/dusj, utsikt mot vatnet )
Kjøkkenet er fullt utstyrt.
Max 9 pers ( 5 senger + 4 gode madrasser på hemsar )

Kontakt oss for meir info og prisar : patina@evanger.net
 
Me serverer ikkje frokost, men me har eit lite utval av matvarer i vår butikk, frå økologiske produkt til gourmetvarer frå Frankrike.
Det er også ein nærbutikk like i nærleiken.
Kafeen vår serverer enkle rettar/ kaker og god kaffi. Ope tirs-lør. Reduserte opningstider utanom sommarsesongen
Nærmaste restaurant/ kafe er på Voss el Dale.
Vår kjekke nabo Evangerista kunst og kulturhus er også open i periodar.
Som vår overnattande gjest får du fri tilgang til internet.
Vår fine trebåt er også til låns om ein kunne tenkje seg å ro ein tur på Evangervatnet.




For booking og info :
+4790957388
Bileter frå 1. og 2.etg i husvære

 
Frå hems over soverom i 2.etg